Plan for betre mobildekning i tog
Rapporten «Plan for betre mobildekning i tog» syner at prisen for god mobil- og nettforbindelse rundt og mellom dei fire største byane i Norge er tre milliardar kroner. I rapporten vert det foreslått å byggje ut betre dekning ut frå landets fire største byar som eit første trinn.
Om planen
- Planen er utarbeidd i samråd med Bane NOR, Norske tog, Telenor, ICE og Telia.
- Føremålet med planen er å skaffe eit grundig oversyn over dagens dekningssituasjon for dei reisande og deretter analysere mogelege utbetringar og få oversyn over dei naudsynte tiltaka som må setjast i verk i regi av jernbaneaktørane og teleoperatørane.
- I tillegg har ein sett på dei tilknytta kostnadane for å oppnå tilfredsstillande mobildekning på dei ulike togstrekningane over heile landet.
- Planen vart levert april 2018.
Eit fullpakka tog med 600 passasjerar, kor alle vil ha best mogeleg internettdekning, utfordrar fleire aktørar – ikkje berre mobiloperatørane. For nordmenn er i verdstoppen når det gjeld bruk av smarttelefon, nettbrett og data, og vi rekner det som ei selvfølge at alt fungerar som heime også når vi er på farten.
Den kraftige auken i togpassasjerar set både mobiloperatørar, togselskap, Norske tog AS og Bane NOR på prøve.
Jernbanedirektoratet har oversendt ein plan for betre mobildekning til Samferdselsdepartementet. Denne planen beskriv no-situasjonen, og tek for seg korleis dei togreisande i Norge kan få betre og tilfredsstillande mobildekning.