KVU Voss–Arna
Konseptvalutgreiing (KVU) Voss–Arna i samarbeid mellom Statens vegvesen og Jernbaneverket starta i 2012 og vart avslutta og overlevert Samferdselsdepartementet 1. april 2014.
Denne utredningen er flere år gammel. Innholdet kan derfor være utdatert.
Om utgreiinga
- Konseptvalugreiinga (KVU) for Voss–Arna omfattar strategiar for utvikling av denne transportåra fram mot 2050.
- Rapporten er utarbeida av Statens vegvesen og Jernbaneverket etter oppdrag frå Samferdselsdepartementet.
- Utgreiinga skal danne grunnlag for konklusjon om val av konsept og videre planlegging.
- Utgreiinga vart levert april 2014.
- Supplerande utgreiing vart levert september 2015.
Strekninga Voss–Arna er ei utfordring for Jernbaneverket og Statens vegvesen. Både jernbanen og E16 på strekninga har behov for betre utforming, tryggleik og kapasitet.
Sidebratt terreng og høge skjeringar gir stor fare for skred og steinsprang både på veg og jernbane på heile denne strekninga. På nedsida er det «rett i fjorden» på fleire parti. Klimaendringane har forverra situasjonen. Kurvatur og standard elles er svært variable på begge trafikkårene, og reisetida blir deretter. I tillegg er vegen er svært ulykkesbelasta, og trafikken aukar stadig. Terrenget er slik at det knapt nok er plass til dagens veg og jernbane, derfor er det naturleg og nødvendig at Jernbaneverket og Statens vegvesen går saman for å finna optimale løysingar for dei radikale tiltaka som må gjennomførast på sikt.
Reisetid bane er i dag 63 min Voss–Arna, for K1, K2 og K4 blir dette tilnærma uendra. K3 og K5 vil gi reisetid mellom Bergen og Voss på ca. 32 min.
Tilleggsutgreiing
Tilrådingane frå KVUen og frå kvalitetssikringa av denne var motstridane med omsyn til val av løysing. Derfor blei Jernbaneverket beden om å laga ei tilleggsutgreiing som ser nærare på dette.
Etter å ha gått gjenom fleire ulike tilnærminger held utgreiinga fast ved det tilrådde alternativet, det såkalla K5. Dette tyder at det tilrådar å byggje ut både ny bane og ny veg på strekninga. Dette kan gjennomførast i etapper og ved å starte vestfrå får ein tidlegast mogeleg effekt av tiltaka.