Jernbanedirektoratet Metoder og standarder Infrastrukturmodell – ei digital beskriving av jernbanen

Infrastrukturmodell – ei digital beskriving av jernbanen

Ein infrastrukturmodell gir ei detaljert digital beskriving av jernbanen sin funksjonalitet på sporplannivå. Det er laga fleire slike modellar for å syne fram både infrastrukturen i dag og i framtida.

Jernbanedirektoratet sine konseptuelle modellar for framtida er tilgjengelege for alle i webapplikasjonen NorRailView.

Desse funksjonelle infrastrukturmodellane blir hovudsakleg nytta som:

  • Inngangsdata i planlegging av tilbodsutvikling og analyser av robustheit (simulering)
  • Sikring av samanhengen mellom infrastrukturutvikling, togtilbod og togmateriell (dimensjonering)
  • Rutemodellering for tilbodsutvikling trafikkpakkar
  • Grunnlag for avtalar om finansiering av infrastrukturprosjekt, t.d. nytt signalsystem

Dersom modellane blir ønskte brukt i anna programvare, kan du enkelt eksportere dei til railML2.4nor eller railML3.2-format frå NorRailView.

Sjå og last ned modellane på NorRailView

ModellDokumentasjon
IreferanseAlternativNTP2025-2036Referansealternativ til NTP 2025–2036 – delrapport infrastrukturmodell (PDF)
IførstePeriodeNTP2022-2033
IførstePeriodeNTP2025-2036

Du bør lese tilhøyrande dokumentasjon før du bruker modellane. 

Modellane kan innehalde feil, og du bør berre behandle dei som rettleiande informasjon.

Utgivar kan ikkje haldast ansvarleg for eventuelle feil, skadar eller tap som følgje av feil i opplysningane.

Tilgang til modellane som er i lista over utan lenke eller eventuelle spørsmål kan rettast direkte til:

Torben Brand

Torben Brand