Togtilbodet blir auka betydeleg

Frå i haust og utover i 2022 vil togtilbodet bli vesentleg betre på mange strekningar. Togselskapa GoAhead, SJ Norge og Vy tog har gjennom trafikkavtalane dei har vunne forplikta seg til å styrke togtilbodet.

Øystein Grue

Både på fjernstrekningane og på ei lang rekke regionstrekningar blir det derfor fleire togavgangar. – Togtilbodet blir vesentleg betre på nesten alle strekningar utover i 2022. Bakgrunnen for dette er at planane til selskapa for vidare­utvikling av togtilbodet blei tillagt stor vekt då vi evaluerte dei ulike tilboda i konkurransen om trafikkpakkane, seier direktør for persontrafikkavtalar i Jernbanedirektoratet Hans Kristensen.

Forplikta seg

Det togtilbodet som blei definert som eit minimumstilbod i avtalane var i all hovudsak det rutetilbodet som blei køyrt før konkurranse­utsetjinga. – Gjennom dei avtalane som er inngått har selskapa forplikta seg til å gjere tilbodet betre på dei fleste strekningane. Betringane skjer samstundes som vederlaget frå staten til kjøp av persontransport blir vesentleg redusert, seier Kristensen. I perioden frå mars 2020 har det blitt køyrt eit redusert rutetilbod som følgje av reiserestriksjonane under pandemien, men det togtilbodet som kjem frå no i haust og utover i neste år er altså ei auke i høve til det ordinære rutetilbodet før pandemien.

Dei første tilbodsbetringane kjem på Jærbanen frå august 2021 og frå ruteterminskiftet i desember 2021 på andre strekningar. Utover i 2022 kjem alle dei nemnde betringane. Frå desember 2022 blir det lagd opp til ytterlegare tilbodsbetringar på Sørlandsbanen: Det blir auka frå sju til åtte avgangar i kvar retning på dagtid Oslo–Kristiansand–Stavanger, noko som gjer totimers frekvens heile dagen. Det blir vurdert morgonekspressar Kristiansand–Oslo og Kristiansand–Stavanger for å redusere reisetida mellom storbyane. Eventuell endring av stoppmønster for desse toga skjer i dialog med fylkeskommunane.

Oversyn over auken

  • På Bergensbanen aukar talet på avgangar Oslo-Bergen på dagtid frå tre til fem i kvar retning
  • På Dovrebanen aukar talet på avgangar på dagtid frå tre til seks i kvar retning i løpet av 2022
  • På Vossebanen blir det tilnærma timesfrekvens Bergen-Voss og fleire avgangar Bergen-Arna
  • På Jærbanen blir det endring frå 60 – til 30-minutts intervall laurdagar og søndagar mellom Stavanger og Nærbø. I tillegg enkelte ekstra avgangar på kvardagar Stavanger-Sandnes.
  • På Rørosbanen blir det innført tilnærma totimers frekvens mellom Hamar og Røros
  • På Rørosbanen blir det ein ekstra avgang i kvar retning mellom Røros og Trondheim
  • På Trønderbanen blir det auke frå totimers frekvens til timesfrekvens laurdagar og søndagar, og dessutan på kveldane på kvardagar På Trønderbanen blir det ein ny tidleg morgonavgang mellom Steinkjer og Melhus. Toget er så tidleg på Værnes at det korresponderer med dei første morgonflya frå Trondheim Lufthavn.
  • På Meråkerbanen blir det ein ekstra avgang i kvar retning mellom Trondheim og Storlien
  • På Nordlandsbanen blir det ein ny avgang frå Mosjøen til Bodø i kvar retning laurdagar, passande for dagsturar
  • På Raumabanen blir det planlagd ein auke frå fire til seks avgangar på kvardagar
  • På Arendalsbanen er det etablert ein ekstra avgang i kvar retning