Jernbanedirektoratet Jernbanemagasinet Arkiv Godstrafikk Ny godstogforbindelse Tyskland–Norge
Godstog ved Hirtshals havn
,

Ny godstogforbindelse Tyskland–Norge

DB Cargo Skandinavia planlegg saman med Hirtshals Hamn og Nordjyske jernbaner ei ny godstogrute mellom Tyskland og Noreg. DB Cargo legg opp til å starte ruta i byrjinga av 2025. Nyleg gjekk det første prøvetoget til Hirtshals for å vise korleis den nye togruta er tenkt å fungere. Frå norsk side deltek CargoNet i samarbeidet saman med Kristiansand Hamn og Larvik Hamn.

Foto: Hirtshals Havn

Hirtshals Hamn har både ein moderne godsterminal og fleire daglege anløp av ferjer frå Larvik og Kristiansand. Jernbaneterminalen i Hirtshals vart ferdig i 2015, men har omtrent ikkje vore i bruk for gods på bane etter opninga. No skal DB Cargo og dei andre aktørane sørge for at det blir mogleg å sende gods på skinner sørover gjennom Danmark.

– Dette er planar som vi helsar velkomne, seier internasjonal koordinator Ove Skovdahl i Jernbanedirektoratet. Her kan vi med enkle middel få ein grønare transportkorridor ved å flytte gods frå veg til bane. Både i Larvik og Kristiansand ligg det godt til rette for å ta imot og sende gods til og frå ferjene med tog. Ein slik forbindelse direkte gjennom Danmark vil også kunne konkurrere tidsmessig med ruta over Øresund, seier Skovdahl.

Overføring frå veg til bane

Tanken er at trailerhengarar og containarar som kjem med ferjene frå Noreg, skal løftast på toget i Hirtshals, og omvendt veg skal hamna sørge for å losse godstoget og trekke godset om bord på ferjene. Det passerer eit stort tal vogntog gjennom Hirtshals kvar dag. Undersøkingar viser at 10–20 prosent av dette enkelt kan overførast frå veg til bane.

DB Cargo har forbindelse til heile 220 terminalar sørover i Europa, medan CargoNet har forbindelse til 12 terminalar i Noreg.

Tidlegare gjekk det ein eigen jernbaneferje mellom Kristiansand og Hirtshals. Denne hadde skinnegang om bord og tok med seg godsvogner på overfarten. Tanken med den nye forbindelsen er altså at det er lasteberarane, semihengarane og containarane som blir teke med på ferjene for opplasting på tog i hamnene på kvar side av Skagerak.

Godstog ved Hirtshals havnFoto: Hirtshals Havn
DB Cargo Skandinavia planlegg saman med Hirtshals Hamn og Nordjyske jernbaner ei ny godstogrute mellom Tyskland og Noreg. Nyleg gjekk det første prøvetoget til Hirtshals for å vise korleis den nye togruta er tenkt å fungere.