Jamn tilfredsheit blant togpassasjerane
Kundeundersøkinga til Jernbanedirektoratet syner at togpassasjerane si tilfredsheit med reiseopplevinga held seg på eit jamt høgt nivå. I undersøkinga i sommar trekker passasjerane særleg fram informasjonen ombord som god.
I juli og august svarte 8023 togpassasjerar i heile Noreg på spørsmål om kor nøgde dei var med togreisa totalt sett. Passasjerane er mest nøgde med informasjonen som blir gitt om bord på toget og at det er enkelt å kjøpe billett. – Det er både viktig og hyggeleg for tog-selskapa at passasjerane gir så god tilbakemelding på informasjonen som blir gitt i toga. Også det at det opplevast som enkelt å kjøpe billett er viktig for både selskapa og passasjerane, seier jernbanedirektør Knut Sletta. Den totale poengscoren var i undersøk-inga i sommar på 80 av 100 poeng, noko som blir rekna som veldig bra. I juli og august var det fleire planlagde avvik i togtrafikken på grunn av større anleggsarbeid som vart gjennomførte i ferieperioden. – Det er derfor gledeleg at den totale tilfredsheita til passasjerane held seg på same høge nivå som i perioden før, seier jernbanedirektøren.
Undersøkinga
- Jernbanedirektoratet gjennomfører ei kundeundersøking blant togpassasjerar kvart kvartal
- Undersøkinga omfattar passasjerar hos Vy, Go Ahead og SJ Norge
- Undersøkinga blir gjennomført om bord i toga, der passasjerane blir spurde om å fylle ut eit skjema
Må bli betre når noko skjer Sjølv om den generelle tilfredsheita er god blant togpassasjerane, er det òg område som peiker seg ut som for dårlege. Handteringa av avvik som ikkje er planlagde og den informasjonen som blir gitt ved slike avvik er begge område i botnen av skalaen på undersøkinga. – Det er aldri morosamt når eit tog ikkje er i rute, og for passasjerane er det svært viktig å få rask og riktig informasjon om korleis dei kan fullføre reisa si dersom toget er forseinka eller kansellert. Heile jernbanesektoren samarbeider om å bli betre på dette området, understrekjer Sletta.