Her blir brua løfta
Det første skadde bruspennet til Randklev bru ved Ringebu vart løfta på land måndag 30.oktober. Brua fekk store skadar under flaumen i august og dei skadde delane blir løfta på land for å vurdera om dei kan brukast på nytt etter at brufundamentet er bygd opp igjen.
Det var dei store vassmengdene i Gudbrandsdalslågen som etter uvêret i august førte til at eit av brufundamentene vart undergravne og velte. To av dei tre spenna til brua hamna dermed i elva og sidan har Dovrebanen vore stengt på staden. Måndag 30.oktober fekk Bane NOR løfta det 270 tonn tunge første bruspennet på land. Ei innleidd kjempekran frå Danmark gjorde operasjonen mogeleg, etter omfattande forarbeid på staden.
– Vi er svært glade for at me fekk tak i denne krana såpass hurtig, seier banedirektør Eivind Bjurstrøm i Bane NOR. Etter at også det andre skadde bruspennet er løfta på land blir det gjennomførte ulike målingar, og vo tek òg i bruk ultralyd for å leite etter skjulte sprekkar og svakheiter i stålet. Vi veit at det er nokre skadar, men vi skal no avklare om bruelementa kan brukast om att, seier banedirektør Eivind Bjurstrøm. Tilstanden på bruelementene vil vere med på å avgjere kor fort ei permanent løysing for Randklev bru kan vere på plass, seier Bjurstrøm.
– Viss vi kan bruelementene om att vil vi raskare kunne opne Dovrebanen for gjennomgåande trafikk att enn om vi må byggja ei heilt ny bru.
Må byggja nytt fundament
I tillegg til nybygging eller reparasjon av bruelementene, må òg det velta fundamentet erstattast. Det nye fundamentet blir større og blir sikra betre mot erosjon og undergraving. Det har òg vore erosjon ved det andre brufundamentet i elva slik at også dette må utbetrast.
– Fundamentet blir bygd etter dagens tekniske krav, som naturlegvis har endra seg sidan den opphavlege brua vart bygd. Før bygging av nytt fundament kan startE, må det øydelagde fundamenta fjernast, samtidig som vi tek omsyn til gjeldande miljøkrav, seier Bjurstrøm. Det er enno for tidleg å seie kor lang tid det vil går Dovrebanen kan opnast att på staden, men Bane NOR har som mål at det skal finnast ein tidsplan for det vidare arbeidet før jul.
Kortare buss for tog-strekning
Måndag 30. oktober vart òg strekninga Ringebu – Dombås gjenopna for togtrafikk. Dermed blir køyrt Dovrebanens persontog no Oslo – Lillehammer og Ringebu – Trondheim, med busstransport mellom Lillehammer og Ringebu. Banen NOR arbeider med å klargjera Fåvang stasjon for persontrafikk slik at det frå midten av desember berre blir busstransport Fåvang – Ringebu.
– Å få gjennomgåande tog på Dovrebanen igjen er svært viktig for å redusere talet på lastebilar og bilar gjennom Gudbrandsdalen. Eitt einaste godstog svarer til 30 lastebilar, og vi jobbar på spreng for å kunne tilby reisande og næringsliv miljøvennleg transport igjen på strekninga, seier Bjurstrøm.