Enklare og billegare å reise

Frå i haust blir det både enklare og billegare å reise kollektivt i Trondheim og nabo­kommunane. Toga på Trønderbanen blir fullt integrerte i takstsystemet og samstundes blir det nye og betre rabattordningar.

Njål Svingheim

Mange vil få billettprisane kraftig redusert som følgje av den nye ordninga. – Dette er eit viktig løft for å få fleire til å velje kollektivt i Trondheimsregionen, seier Anne Skolmli, leiar av regional samhandling i Nord- og Midt-Noreg i Jernbanedirektoratet. Bakgrunnen for at det nå blir felles billettar og takstsystem, og dessutan betre rabattordningar i kommunane Trondheim, Melhus, Malvik og Stjørdal, er det såkalla bompenge­forliket i Stortinget og ein tilleggsavtale som blei inngått i mars 2020. – Tilleggsavtalen til byvekstavtalen for Trondheimsregionen inneheld mellom anna 500 millionar kroner til reduserte kollektiv­takstar i ein tiårsperiode, fortel Skolmli.

Det har blitt jobba for å få til ei utviding og inkludere både tog og buss i rute-, takst,- og billettsamarbeidet

Anne Skolmli

Halvert pris

Det nye takstsystemet gjer at mange togbruk­arar får meir enn halvert billettprisane sine og mange bussbrukarar langt billegare billettar enn i dag. – Det har blitt jobba for å få til ei utviding og inkludere både tog og buss i rute-, takst,- og billettsamarbeidet. Samstundes har vi nå oppnådd å utvide den såkalla sone A, det vil seia den indre billettsona, til å omfatte alle desse fire kommunane i byvekstavtale-området. Endringane vart vedtekne i styringsgruppa for Miljøpakke Trondheim 20. august og skal setjast i verk i løpet av hausten, seier Skolmli.

Nokre punkt frå avtalen:

Lik pris for tog og buss i Trondheim, Melhus, Malvik og Stjørdal. Aldersgrensa på barnebillett blir utvida heilt til fylte 20 år. Varigheita til enkeltbillettar blir utvida til tre timar utanom rushtidene. Det skal utviklast eit eige billettprodukt mynta på dei som har delvis hjemme­kontor slik at det blir gunstig for dei å velje kollektivt dei dagane dei reiser til og frå arbeidsplassen.