Jernbanedirektoratet Avtalar Trafikkavtalar Revisjon av tilleggsavtalar

Revisjon av tilleggsavtalar

Jernbanedirektoratet inngjekk tilleggsavtaler med dei ulike togoperatørane i perioden mars 2020 til juni 2022. Desse tilleggsavtalane er revidert for å kontrollere at krav og retningslinjer i avtalene vart følgt.

Tilleggsavtalene vart inngått i tilknyting med Covid-19 pandemien då staten initierte ei rekke støtteordningar til næringslivet. For jernbanen vart det løyvd midlar i støtte til persontogoperatørane i Norge som mista store deler av kundegrunnlaget i periodar med nedstengningar og auka bruk av heimekontor for arbeidsreisande.

Jernbanedirektoratet inngjekk tilleggsavtalar med dei ulike togoperatørene i perioden mars 2020 til juni 2022. Tilleggsavtalane regulerte støttebeløpa samtidig som det påla støttemottakarane plikter og krav undervegs i avtaleperioda som til slutt resulterte i ein sluttrapport revidert av togoperatørane sin statsautoriserte revisor.

Revisjonsrapportar

I tilknyting til utløp av tilleggsavtalane har ein uavhengig statsrevisor, på vegne av Jernbanedirektoratet, gjennomført ein revisjon for å kontrollere at togoperatørane har følgt dei krava og retningslinjene som er beskrive i tilleggsavtalane for å stadfeste at dei er rettmessig støtta. Resultatet av dette arbeidet er 15 revisjonsrapportar for dei inngåtte avtalane.