Byvekstavtalar

Byvekstavtalar er gjensidig forpliktande avtalar mellom staten, fylkeskommunar og kommunar. Avtalene er eit særleg viktig verktøy for å oppnå målet om nullvekst i personbiltransporten.

Nullvekstmålet

Nullvekstmålet inneber at klimagassutslipp, kø, luftforureining og støy skal reduserast gjennom effektiv arealbruk, og ved at veksten i persontransporten blir tatt med kollektivtransport, sykling og gange.

For å oppnå nullvekstmålet er samordning av arealplanlegginga til kommunane, kollektivtransport til fylkeskommunane og veg- og jernbaneplanlegging til staten avgjerande. Alle verkemidlane må samordnast slik at dei blir sett i samanheng og bygger opp under kvarandre. For eksempel er det viktig at kommunen legg til rette for fortetting tett på viktige kollektivknutepunkt.

Fem områder med byvekstavtalar

Staten har inngått byvekstavtalar for:

  • Oslo og Akershus
  • Trondheimsregionen
  • Bergensregionen
  • Nord-Jæren
  • Tromsø

Kristiansandsregionen og Nedre Glommaregionen vart i 2023 invitert til forhandlingar.

Jernbanedirektoratet si rolle

  • Jernbanedirektoratet er, saman med Statens vegvesen og Statsforvalteren, staten sin representant i byvekstavtalene.
  • Som ansvarleg for den strategiske og heilskaplege koordineringa og planlegginga av jernbanesektoren, spelar vi ei sentral rolle i samarbeidet.
  • Statens vegvesen leiar forhandlingane og oppfølginga av inngåtte avtalar på vegne av staten.  

Les meir om byvekstavtalane

Du kan lese meir om dei inngåtte avtalane på Statens vegvesen sine nettsider: