Trafikkavtalar
Jernbanedirektoratet er oppdragsgivar for anskaffing av trafikkavtalar, som er offentleg kjøpt persontrafikk på jernbanen i Norge.
Anskaffing av trafikkavtalane kan vi anten få ved direktetildeling eller konkurranseutsetting.
Bakgrunn for trafikkavtalane
- I kjølvatnet av Meld. St. 27 (2014-2015) «På rett spor» vart det gjennomført konkurranse for anskaffing av offentleg kjøpt persontrafikk på tog. Hensikta med konkurranseutsettinga var å betre togtilbodet og sikre at staten får meir ut av den totale ressursinnsatsen i jernbanesektoren.
- Solberg-regjeringa utarbeida ein konkurransestrategi kor togtrafikken i Sør, Nord og Vest skulle konkurranseutsettast i perioda 2017–2020. I fase 2 vart det fastsett at togtilbodet i Austlandsområdet skulle eksponerast for konkurranse.
- I konkurransestrategien er det forutsett at all offentleg kjøpt trafikk blir basert på nettokontrakter kor leverandøren har fullt kostnads- og inntektsansvar.
- Trafikkpakkane Sør, Nord og Vest vart konkurranseutsett og tildelt høvesvis Go-Ahead, SJ Norge og Vy tog med trafikkstart i 2019–2020.
- Vidare konkurranseutsetting av persontrafikk med tog vart stansa av Støre-regjeringa i 2021. Jernbanedirektoratet skal i staden kjøpe slike tenester utan konkurranseutsetting.
- I 2022 bestemte regjeringa at togtilbudet på Austlandet skal bli direktetildelt, og at Jernbanedirektoratet skal forhandle med Vygruppen og Flytoget om dei to trafikkavtalane Austlandet 1 og 2.
- I 2023 inngjekk Jernbanedirektoratet trafikkavtalar med Vygruppen for togtilbudet på Austlandet. Trafikkstart var 10. desember 2023.