Direktoratet si rolle og samfunnsoppdrag
Jernbanedirektoratet skal nå overordna mål om ein effektiv, sikker og miljøvennleg jernbanesektor. Jernbanedirektoratet skal vareta den strategiske, heilskaplege og overordna koordineringa og planlegginga av jernbanesektoren.
Jernbanedirektoratet er eit forvaltningsorgan underlagt Samferdselsdepartementet (SD).
Vi varetar våre oppgåver og ansvar gjennom tre roller:
- Fagorgan: Som fagorgan har Jernbanedirektoratet eit nasjonalt koordineringsansvar og fagleg ansvar for å samordne sektoren. Jernbanedirektoratet skal på oppdrag, og på eige initiativ, gi faglege råd til SD for å få mest mogleg jernbane for pengane. Vi skal bidra til innovasjon og teknologisk utvikling i jernbanesektoren. Vi skal også arbeide for at jernbanesektoren bidrar til å oppfylle nasjonale klima- og miljømål, og sørge for god sikkerheit på jernbanen.
- Avtalepart: Vi skal inngå avtalar som sikrer at heilskapen og samanhengane i eit velfungerande jernbanesystem blir varetatt. Vår rolle er å vere ein krevande kjøpar på vegne av staten, og utvikle, inngå og følge opp avtalar med aktørane i jernbanesektoren. Vi bidrar også inn i arbeidet med byvekstavtalar.
- Myndigheitsorgan: Vi skal behandle klager i saker etter jernbaneloven om å utføre tiltak innanfor byggeforbodssona, og treffe vedtak om ekspropriasjon til jernbaneformål etter oreigningslova. I tillegg har vi delegert etatsstyring av Norsk jernbanemuseum.
Overordna mål for transportsektoren og for Jernbanedirektoratet
Jernbanedirektoratet skal bidra til å nå dei fem transportpolitiske måla som er nedfelt i Nasjonal transportplan:
- Meir for pengane.
- Enklare reisekvardag og auka konkurranseevne for næringslivet.
- Effektiv bruk av ny teknologi.
- Bidra til oppfylling av Norges klima- og miljømål.
- Nullvisjon for drepte og hardt skadde.
For å nå desse har departementet satt sju mål som dei styrer oss på:
- Heilskapleg og koordinert utvikling og drift av eit attraktivt jernbanetilbod.
- God kundeoppleving gjennom høg driftsstabilitet og god avvikshandtering.
- SD får analysar og beslutningsgrunnlag med høg kvalitet og relevans.
- Reisande kan reise saumlaust med tog og annan kollektivtransport.
- Jernbanesektoren er innovativ, deler data og utnytter ny teknologi.
- Bidra til oppfylling av Norges kima- og miljømål.
- Nullvisjon for drepte og hard skadde.
Instruks for Jernbanedirektoratet
Tildelingsbrev for Jernbanedirektoratet
Jernbanedirektoratet får tildelingsbrevet sitt frå SD. I tildelingsbrevet blir måla for jernbanesektoren i det komande året trekt opp, og det blir definert korleis direktoratet skal arbeide for å nå desse måla.