Varsling til offentleg myndigheit
For samfunnet og arbeidslivet er det viktig å avdekke kritikkverdige forhold. Varsling til offentlege myndigheiter bidrar til at dei kritikkverdige forholda opphører.
Tilsette er ofte dei første som oppdagar eller får mistanke om lovbrudd eller andre kritikkverdige forhold på arbeidsplassen.
For offentlege myndigheiter er varsling også ei viktig informasjonskjelde som bidrar til kunnskap og innsikt.
Varsling er når ein arbeidstakar eller innleigd arbeidstakar seier frå om moglege kritikkverdige forhold på eigen arbeidsplass. Retten til å varsle er slått fast i Arbeidsmiljølova.
- Ved intern varsling seier arbeidstakaren ifrå til nokon internt i verksemda som har moglegheit til å rette på forholdet. Dette kan vere til eigen leiar eller gjennom eit internt varslingssystem.
- Ved ekstern varsling seier arbeidstakaren ifrå til nokon utanfor verksemda som har moglegheit til å rette på forholdet, for eksempel til ein offentleg myndigheit.
- brot på lover og reglar (rettsreglar)
- brot på skriftlege etiske retningslinjer i verksemda
- forhold som er i strid med etiske normer som det er brei tilslutning til i samfunnet
Eit varsel bør innehalde ein sakleg, objektiv og konkret framstilling av det kritikkverdige forholdet. Følgande opplysningar bør vere med:
- Kva har skjedd (brot på lover og reglar, verksemda si skriftlege etiske retningslinjer eller etiske normer i samfunnet)
- Kven er involvert
- Kvar skjedde det?
- Når skjedde det?
- Kva er omfanget?
- Fins det vitner eller dokumentasjon som kan underbygge opplysningane om det kritikkverdige forholdet?
For at vi skal kunne behandle varselet best mulig, er det en fordel om du framstiller saken skriftlig, gjerne med eksempler og dokumentasjon. Det er også en fordel at du legger ved kontaktopplysninger slik at vi kan kontakte deg dersom det er behov for mer informasjon om det kritikkverdige forholdet.
- Alle varsel som Jernbanedirektoratet mottar, vil normalt bli vurdert i løpet av 14 dagar. Oppfølging av varselet er avhengig av kva det er varsla om. Alle varsel som blir registrert i Jernbanedirektoratet blir bekrefta med ein e-post og får et eige referansenummer.
- Varslingsutvalet vurderer først om varselet er innanfor direktoratetsitt myndigheitsområde. Jernbanedirektoratet vil i dei aller fleste situasjonar ikkje vere den instansen som skal behandle varselet. Varslingsutvalet vil derfor som hovudregel rettleie varslaren til rett myndigheit.
- Dersom direktoratet vidareformidler varselet må adgang til dette vere heimel i lov, eventuelt at det er innhenta eit skriftleg samtykke frå varsler.
- Varslingsutvalet følger opp varselet dersom direktoratet er korrekt mottakar.
- Personar som varsler offentlege myndigheiter om kritikkverdige forhold, blir sjeldan sett på som part i saka. Det inneber at du som varslar, som hovudregel ikkje kan forvente å bli informert om status i saka. Om varselet ikkje er anonymt, så vil varslingsutvalet vurdere konkret om det er grunnlag for å gi varslar ytterligare informasjon i saka. Varslaren vil få melding når saka er avslutta eller oversendt annan myndigheit til behandling. Du som varslar kan eventuelt ta kontakt skriftleg og be om opplysningar i saka.
Varsling er viktig. Samtidig kan varsling vere ein vanskeleg prosess å stå i. Før du varslar, bør du derfor tenke gjennom følgande:
- Har verksemda di fem eller fleire arbeidstakarar, skal dykk ha rutiner for varsling. Bli kjent med rutina og bruk denne dersom dette er hensiktsmessig.
- Prat med nokon du stoler på, før du varsler. Ikkje gå med bekymringar aleine.
- Varsling kan i nokre tilfeller vere belastande. Tenk gjennom livssituasjonen din og vurder korleis du vil handtere situasjonen.
- Dersom du varslar anonymt og/eller varselet manglar vesentlig informasjon kan det vere vanskelig å følge opp saka på ein god måte.
Alle former for gjengjelding mot arbeidstakarar som varslar – eller som gir til kjenne at dei planlegg eller vurderer å varsle – er forbode. Forbodet gjeld også overfor innleigde arbeidstakere.
Gjengjelding vil seie alle former for straff eller negative reaksjoner. Den kan vere formell i form av arbeidsrettslege sanksjonar som oppseiing, avskjed eller skriftleg varsel. Gjengjelding kan også vere uformell i form av endra arbeidsoppgåver, redusert ansvar, utfrysing, mobbing med meir.
Slik varsler du Jernbanedirektoratet
Varslingsskjema
Du kan varsle Jernbanedirektoratet ved å bruke skjemaet vårt for elektronisk varsling:
Varslingsutval
Du kan også varsle Jernbanedirektoratet gjennom varslingsutvalet. Varslingsutvalet består av:
- Aina Foss-Indrehus, juridisk seksjon, tlf. 91 65 52 28
- Kari Skeimo, seksjon for HR og organisasjon, tlf. 45 20 22 50
- Geir Hansen, jerbaneteknisk seksjon, tlf. 91 67 58 54
- Marianne Lund-Høie, jernbanedirektørens stab, tlf. 48 06 82 09
Dei som mottar varselet om det kritikkverdige forholdet i Jernbanedirektoratet, har tausheitsplikt. Det vil seie at vi har plikt til å halde navnet ditt og andre identifiserbare opplysningar i varselet skjult frå andre.
Varsel til Statens jernbanetilsyn
Gjeld dei kritikkverdige forholda område som blir handtert av Statens jernbanetilsyn (SJT), anbefaler vi at du sender varselet til tilsynet direkte.
Statens jernbanetilsyn har tilsynsmyndighet for tog, trikk, t-bane, taubaner og fornøyelsesinnretninger i Norge. SJTs rolle er å være en pådriver for sikkerhet i disse bransjene.
Eksempel på kva du kan varsle Statens jernbanetilsyn om:
- forhold som truar sikkerheita på tog, trikk, t-bane,
- taubane, fornøyelsesinnretningar, samt forhold som truar sunn konkurranse på jernbanen
Varsel til Arbeidstilsynet
Gjeld varselet ditt brot på lønns- og arbeidsvilkår og andre arbeidsmiljørelaterte forhold, må du sende det til Arbeidstilsynet.
Arbeidstilsynet tilbyr rettleiing i varsling
Ønsker du rettleiing i varslingsregelverket eller meir informasjon om rettigheitene dine i tilknytning varslinga? Ta kontakt med Arbeidstilsynet eller les meir om varsling om arbeidstilsynet.no.