Rute-, takst- og billettsamarbeidsavtalar
For å få toget til å bli ein naturlig del av det lokale kollektivtilbodet, inngår Jernbanedirektoratet rute-, takst- og billettsamarbeidsavtalar med fylkeskommunane og dei lokale kollektivselskapa.
I Noreg er organiseringa av kollektivtransporten delt mellom staten og fylka. Staten har ansvaret for jernbanen, mens fylka tar seg av annan offentleg kollektivtrafikk med buss, båt, metro, trikk og bybane. Med støtte i jernbanereforma og regionreforma skal kollektivtrafikken sjåast som ein heilskap.
Om avtalane
Målet med rute-, takst- og billettsamarbeidsavtalane er å tilby dei reisande eit mest mogleg samanhengande transporttilbod, med heilskapleg reiseinformasjon og gjennomgåande billettar, der det er behov for det.
I dag har Jernbanedirektoratet slike avtaler i alle fylker det går tog med unntak av Agder, som blir handtert direkte av togselskapet.
Vi avtalar takst- og billettsamarbeidet ut frå kor godt toget er integrert i det lokale kollektivtilbodet:
- Heilintegrert samarbeid: Fylkeskommunane sine billettar og prisar gjeld på toget.
- Valfri bruk av tog og buss: Kombinasjonsbillett for tog og annan kollektivtransport.
- Tilval på togbilletten: Betal for toget pluss litt ekstra for tilgang til annan kollektivtransport.
- TogBuss: Spesielle bussruter tilpassa toget sine avgangar med garantert vidare reise.
Oversikt over avtalane
I dokumentet under får du ei oversikt over rute-, takst- og billettsamarbeidsavtalane som Jernbanedirektoratet har per mars 2024.