Jernbanedirektoratet Jernbanemagasinet Arkiv Infrastruktur Nygårdstangen godsterminal utsleppsfri og med dobla kapasitet
,

Nygårdstangen godsterminal utsleppsfri og med dobla kapasitet

Noregs nest største godsterminal har fått dobla kapasiteten og blir no utsleppsfri. Det bidreg til å gjera gods på bane endå meir miljøvennleg. Bergen godsterminal, Nygårdstangen har gjennomgått ei omfattande ombygging over fleire år. Heile anlegget er utført medan terminalen har vore i full drift, og sist i august var det offisiell opning.

– Eg gratulerer jernbanen med ein viktig milepæl for gods på bane, sa samferdselsminister John-Ivar Nygård ved opninga.

– Samtidig gratulerer eg Bane NOR for eit vel gjennomført anlegg og er veldig glad for at alt er gjennomført til avtalt tid og faktisk betydeleg under kostnadsoverslaget. Når me veit at eitt godstog svarer til opptil 30 trailerar på vegen, så er auken i kapasitet me no får eit viktig bidrag til endå meir miljøvennleg transport på bane.

Opna terminalen: Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

– Denne nye terminalen gjer allereie miljøvennlig transport på bane endå betre, sa samferdselsministeren.

Nye Nygårdstangen godsterminal

  • Noregs nest største godsterminal
  • Tilrettelagt for hel-elektrisk drift
  • Fire lastespor, hensettingsspor og dobla kapasitet
  • Egen bilterminal
  • Ladepunktar for maskiner og utstyr
  • Elektrisk tilkopling for kjølecontainere
  • Handterar berre gods kjem eller avgår med jernbane
  • Handterar 8-9 godstog i døgnet i dag

– Bergensbanen er viktig for både gods- og persontrafikk, sa jernbanedirektør Knut Sletta. Godstrafikken får no auka kapasitet og bane har potensiale for endå meir trafikk. Bergensbanen er 114 år gammal og konkurrerer framleis veldig godt mot vegtrafikken. Her på Nygårdstangen får vi no ein kapasitetssterk, effektiv og framtidsretta terminal og som oppdragsgivar vil eg gratulera Bane NOR med eit vel gjennomført arbeid, sa Sletta.

Nøgde direktørar: Konserndirektør for kunde- og marknad i Bane NOR, Henning Scheel, og jernbanedirektør Knut Sletta.

Viktig for bransjen

Direktørene for dei store godstogselskapa i Noreg, CargoNet og Onrail deltok òg på opninga av den nye terminalen. Ingvild Storås i CargoNet og Henning Aandal i Onrail er begge veldig fornøgde med den nye terminalen.

– Vi ynskjer meir av dette og ei betydeleg auka satsing på gods på bane, seier dei to.

– Vi er konkurrentar, men har felles interesser. Akkurat no står vi begge midt oppe i ei betydeleg krise som følgje av flaum og stengde banestrekningar. Særleg er bru-kollapsen på Dovrebanen svært alvorleg for oss og me er veldig opptekne av å få hjelp med finne gode løysingar raskt.

– Pengane renn ut kvar einaste dag og vi håper på hjelp frå både bransjen og myndigheitene, understrekar de to.